Lastar innhald...

Årsmelding 2025

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.

abonnentar 51085 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 62 614
Hushaldsabonnentar: 29 109
Hytteabonnentar: 8 381
Abonnentar som heimekomposterer: 2 628
Abonnentar med slamavskiljar: 14 757
Kilo avfall per innbyggjar 2025: 469 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 62 614 innbyggjarane og 8 381 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- plastemballasje. glas og metallemballsje - og restavfall.

Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Fitjar

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Solveig Grønsdal (Stord)

Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord

Dagleg leiar:
Ole Johannes Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2025, 25. april. På møtet vart det handsama 17 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde 7 møter i 2025.

Styret i SIM 2025

Solveig Grønsdal

Styreleiar

John Kristian Økland

Nestleiar

Anne Merete Fjeldstad

Styremedlem

Lasse Hamre

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Kurt Harry H. Dahl

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

Dagleg leiar

«Med betre data og tettare oppfølging kan me belønne god sortering, og følgje opp feilsortering tydelegare når avvik gjentek seg.»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

 

 

2025 vart eit år med gode framsteg, samtidig som det gav ei viktig påminning om at me framleis har ein jobb å gjere saman med innbyggjarane.

Nedslåande resultat frå plukkanalyse

Plukkanalysen frå starten av året viser at det framleis er for mykje som hamnar i restavfallet, og at feilsortering framleis er eit reelt problem for mange abonnentar. God tilrettelegging og oppfordringar åleine er diverre ikkje nok. Skal me lukkast, må me kombinere gode løysingar med tydelegare rettleiing, meir målretta oppfølging og verkemiddel som faktisk verkar i kvardagen. Med betre data og tettare oppfølging kan me belønne god sortering, og følgje opp feilsortering tydelegare når avvik gjentek seg.

Nye krav i avfallsforskrifta

I 2025 vart det endå tydelegare at kommunane, og dermed SIM, har konkrete plikter knytte til utsortering. Avfallsforskrifta (§ 10a 4) stiller no tydelegare krav til kor mykje av hushaldsavfallet som skal sorterast ut, med gradvis opptrapping dei neste åra. Plukkanalysen viser samtidig at me ikkje kjem i mål med krava utan at fleire sorterer rett, oftare.

Endringar for hytterenovasjonen

Det kjem klart fram at krava til utsortering også gjeld avfall frå hytter. Difor har SIM utgreidd, og så vidt starta opp, ei større endring i korleis me legg til rette for sortering og kor me skal ha returpunkt. Planen dei neste åra er at alle returpunkt for hytter skal vere tilrettelagt for full sortering, på same nivå som henteordninga heime hos abonnentane.

For at ei slik endring skal vere økonomisk forsvarleg, og for at me skal kunne følgje opp returpunkta i tilstrekkeleg grad, vil det vere behov for å redusere talet på returpunkt med om lag 30 prosent. Det inneber lengre reiseveg for mange. Samtidig legg me opp til at dei fleste framleis vil oppleve at returpunktet ligg formålstenleg på vegen mellom hytta og fast bustad, eller mellom hytta og lokalbutikken.

Klargjering for eit meir rettferdig system der det lønner seg å sortere

I 2025 starta SIM planlegging og tilrettelegging for ei framtidig betalingsløysing som i større grad premierer dei som har lite restavfall. Ved å knyte ein del av gebyret til kor ofte restavfallsdunken vert tømt, kan kundar som sorterer godt, eller av andre grunnar har lite restavfall, betale mindre. Det handlar om motivasjon og rettferd, at kundane i større grad betalar for kostnaden avfallet faktisk medfører.

Treverk til materialgjenvinning

I ny kontrakt for mottak og handsaming av treverk frå miljøsentralane la me til rette for at reint treverk skal gå til materialgjenvinning. Med litt ekstra innsats frå kundar og tilsette, der MDF og sponplater vert skilde ut i eigen konteinar, går no reint treverk til materialgjenvinning i staden for brenning. Dette var eit viktig steg for å auke delen av avfallet vårt som går til materialgjenvinning.

Ny kontrakt for innhenting av hushaldsavfall

Arbeidet med å førebu ny kontrakt for innhenting av hushaldsavfall er omfattande og krev planlegging langt fram i tid. Etter utlysing og anbodsfase vart kontrakten signert med NordRen. Dei køyrer for oss i dag og vil halde fram når den nye kontrakten tek til å gjelde frå april 2027. Kontrakten kan vare i inntil 9 år, og det har vore viktig å få med relevante endringar me ser behov for i åra som kjem.

Eit sentralt punkt er at bilane vert tilrettelagde for å vege, og å lese RFID på dunkar, slik at tømmingar kan registrerast per kunde. Dette gir høve til meir individuell oppfølging, og kundane får samtidig betre oversikt over eigen aktivitet i Mitt SIM. Ein annan viktig endring er at me får betre høve til ordinær henteordning på øyar som tidlegare ikkje har hatt dette, mellom anna gjennom bruk av mindre bilar.

Kåra til årets leverandør av glas og metallemballasje

SIM vart kåra til årets leverandør av glas og metallemballasje til Sirkel. Det er motiverande å sjå at tiltaka me har sett i gang for å forbetre sorteringa og styrkje kontrollen, gir resultat. Sjåførane gjer ein viktig jobb med kontroll, registrering av avvik og å setje att feilsortert avfall. I omlastehallen vert det lagt ned solid innsats i ettersortering, og kundemottaket jobbar målretta med oppfølging av avvik mot kundane. Summen av dette samarbeidet gav stor effekt, og me vart heidra som årets leverandør.

Takk for innsatsen!

Takk til våre dyktige tilsette, kundane, samarbeidspartnarane, styret og eigarkommunane for innsats, støtte og godt samarbeid. Me tek med oss læring frå 2025 og held fram arbeidet for betre sortering og meir materialgjenvinning, samtidig som me skal levere stabile tenester og god service til innbyggjarane i Sunnhordland.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling.

Malvin Helland Andahl - Driftsleiar slutthandsaming

Malvin Helland Andahl

Driftsleiar slutthandsaming

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjons-ansvarleg

Ørjan Steinsland Opperud - Administrasjons- og økonomileiar

Ørjan Steinsland Opperud

Administrasjons- og økonomileiar

Tilsette

Trude Vedå - Økonomiansvarleg

Trude Vedå

Økonomiansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar, 50 % stilling

Sissel Lønning

Kundehandsamar
50 % stilling

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar

Inger Lise Kobberstad - Kundehandsamar

Inger Lise Kobberstad

Kundehandsamar

Thomas Onsrud - Vikar kundehandsamar

Thomas Onsrud

Vikar kundehandsamar

Tilsette

Vegard W. Birkeland - Operatør omlastehall

Vegard W. Birkeland

Operatør omlastehall

Thom Arne Fredriksen - Operatør omlastehall

Thom Arne Fredriksen

Operatør omlastehall

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Bjørn Leon Vestbøstad - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar (t.o.m. 06.06.2025)

Bjørn Leon Vestbøstad

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar (t.o.m. 06.06.2025)

Kjell Bome - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar (f.o.m. 01.06.2025)

Kjell Bome

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar (f.o.m. 01.06.2025)

Sammy Sagvaag - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sammy Sagvaag

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Tilsette

Sissel Torkelsen Larsen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sissel Torkelsen Larsen

Kundehandsamar Bømlo miljøsentral

Mads K. Ellingsen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo (f.o.m. 01.04.2025)

Mads K. Ellingsen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo (f.o.m. 01.04.2025)

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Kenneth Fjelland - kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Kenneth Fjelland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann / kundehandsamar miljøsentral Stord

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Stord og Sveio

Tilsette

Kurt Harry Dahl - Kundehandsamar miljøsentral Stord. Tilsette sin representant i styret.

Kurt Harry Dahl

Kundehandsamar miljøsentral Stord. Tilsette sin representant i styret.

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Rebekka Høgestøl - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling

Rebekka Høgestøl

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling

Gry Bakke Rosvold - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 54 % stilling

Gry Bakke Rosvold

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
54 % stilling

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling (t.o.m. 30.04.2025)

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling (t.o.m. 30.04.2025)

Frode Haugland - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling (f.o.m. 21.04.2025)

Frode Haugland

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling (f.o.m. 21.04.2025)

Tilsette

Kurt Thomassen - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling

Kurt Ole Thomassen

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøentral Sveio, 48 % stilling

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøsentral Sveio
48 % stilling

Håvard Holmedal - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Håvard Holmedal

kundehandsamar miljøsentral Stord
8 % stilling

Maria Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Maria Verpelstad

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Britt Guri Bjelland - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Britt Guri Bjelland

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Stian Selle - Kundehandsamar Bømlo miljøsentral, 4 % stilling

Stian Selle

Kundehandsamar Bømlo miljøsentral, 4 % stilling

Tilsette

Marita Kjærland - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling (t.o.m. 01.04.2025)

Marita Kjærland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling (t.o.m. 01.04.2025)

Anne Lise Strømme - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling

Anne Lise Strømme

kundehandsamer miljøsentral Kvinnherad
4 % stilling

Trine Kaland - Prosjektstilling informasjonsrådgjevar/formidlar, 10 % stilling (f.o.m. 01.03.2025)

Trine Kaland

Prosjektstilling informasjonsrådgjevar/formidlar
10 % stilling (f.o.m. 01.03.2025)

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forskings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Driftsinntekter

Selskapet hadde i 2025 ei samla driftsinntekt på 146,4 mill. kr, som er 5,0 % høgare enn budsjettert. Inntektene frå kommunane og miljøsentralane var i tråd med budsjettet. Næringsavdelinga hadde eit positivt avvik på 10,4 %. Næringsavviket skuldast høgare aktivitet og leveransar enn lagt til grunn i budsjettet.

Driftskostnader

Driftskostnadene i 2025 var 145,4 mill. kr, som er 2,5 % høgare enn budsjettert. Driftsresultatet viser eit overskot på 4,0 mill. kr. Utdeling frå miljøfondet vert bokført som driftskostnad. Det vart delt ut 5,5 mill. kr i 2025. Netto uttak frå fondet var 4,0 mill. kr og er ført mot eigenkapitalen i SIM. Sjølvkostområda kommunalt avfall og slam vert utlikna i rekneskapen ved at resultatet vert ført som andre driftskostnader og tilført fonda for renovasjon og slam.

Netto finanskostnader

Sum finanspostar i 2025 var 3,0 mill. kr, som er høgare enn budsjettert. Avviket skuldast i hovudsak at rente knytt til miljøfondet no vert ført som del av drifta, utan at dette var budsjettert.

Resultat og disponeringar

SIM sitt rekneskapsmessige resultat for 2025 viser eit overskot før skatt på 4,0 mill. kr.

Næringsaktivitetane hadde eit overskot før skatt på 6,7 mill. kr. Kommunalt avfall hadde eit underskot på 2,4 mill. kr, som er ført mot renovasjonsfondet. Slamtømming hadde eit overskot på 0,7 mill. kr, som er tilført slamfondet.

Netto uttak frå miljøfondet var 4,0 mill. kr.

Etter utlikning av sjølvkostområda og disponering mot fond vert resterande resultat tilført eigenkapitalen i samsvar med årsrekneskapen.

Sjølvkost og fond

Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte og driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet vurderer årleg nødvendige avsetjingar for framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2025, og fondet hadde ein saldo på 73,0 mill. kr ved årsslutt.

Kontantstraum

Nettokontantstraum for operasjonelle aktivitetar var på 19,5 mill. kr. Dei samla investeringane var på 6,1 mill. kr. SIM har finansiert investeringane sine utan lån. Selskapet har ved årskifte likvide midlar på 95,7 mill.kr.

Balanse

Eignelutane til SIM var 304,1 mill. kr ved utgangen av 2025. Eigenkapitalen var 204,0 mill. kr, der delar av midlane er bundne. Langsiktig gjeld består av etterdriftsfondet på 73,0 mill. kr og kommunalt renovasjons- og slamfond på 12,7 mill. kr. Dei kommunale fonda for avfall og slamtømming er midlar som abonnentane skal ha tilbake innan 3–5 år. Likviditeten i selskapet er god.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Styreansvarsforsikring

Det vart i 2025 teikna styreansvarsforsikring for styret og tilsette med leiaransvar.

Utgreiing om likestilling og arbeid mot diskriminering

Tilstand for kjønnslikestilling:

Kjønnsbalanse Deltid Ufriviljug deltid Uttak av veker foreldrepermisjon
Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner
Tal 22 14 5 9 0 2 0 34
Prosent 61 % 39 % 38 % 62 % 0 % 100 % 0 % 100 %

Ved utgangen av 2025 var det 25,64 årsverk i SIM fordelt på 35 tilsette. 14 av dei tilsette var kvinner og 22 var menn. Det er i tillegg to lærlingar i selskapet.

Åtte kvinner og fem menn var i deltidsstillingar og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstilling. Selskapet har to grupper lønskategoriar: Gruppe 1 som omfattar kundehandsamerar og operatørar og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar.

Av den totale arbeidsstokken er det 39 % kvinner fordelt på 39 % av gruppe 1 og 38 % av gruppe 2. Gjennomsnittsløna til menn samla for gruppe 1 og 2 er 7 % høgare enn gjennomsnittsløna til kvinnene. I gruppe 1 er gjennomsnittsløna for menn og kvinner om lag lik, menn har 2 % høgare løn enn kvinnene. I gruppe 2 er gjennomsnittsløna til menn 14 % høgare enn kvinnene si gjennomsnittsløn. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Alle løner er omgjort til fulle stillingar. Stillingar med same ansiennitet og stillingar med same ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.

Sjukefråværet var på 6,94 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Arbeidet med likestilling og diskriminering

Arbeidsmiljø og personale

SIM arbeider aktivt for likestilling og mot diskriminering. Arbeidet omfattar rekruttering, løn- og arbeidsvilkår, utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging og førebygging av trakassering. Stillingar med same ansvar og ansiennitet har lik løn uavhengig av kjønn.

Arbeidsmiljøarbeidet er forankra i internkontrollsystemet. Arbeidsmiljøutvalet har hatt to møte i 2025 og har hatt særleg merksemd på psykososialt arbeidsmiljø og oppfølging av målretta arbeidshelseundersøking. Det er gjennomført medarbeidarsamtalar med alle tilsette og to beredskapsøvingar. Vernerundar og HMS-avvik vert følgde opp løpande. Radonmålingar i administrasjonsbygget viste verdiar under tiltaksgrensa.

Abonnentar/kundar

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Det er utvikla informasjonsbrosjyrar og sorteringsguidar på fleire ulike språk.

Det er lagt til rette for at abonnentar som ikkje nyttar datamaskin eller smarttelefon kan få tilsendt tømmekalender og anna informasjon på papir.

Grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold

Forankring av anvarskjensle

SIM arbeider aktivt for å sikre respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i eiga verksemd og i leverandørkjeda. Arbeidet er forankra i internkontrollsystemet, i leiinga og i organisasjonen. Alle innkjøpskontraktar og avtalar inneheld krav om å respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Kartleggjing og vurdering av negativ påverking/skade

I 2025 har SIM ikkje gjennomført særskilde revisjonar av leverandørar utover ordinær kontraktsoppfølging. Selskapet har framleis særleg merksemd på kontraktar der risikoen for brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold vert vurdert som høgast.

Det er ikkje avdekt forhold som har kravd særskilde tiltak.

Openheitslova

SIM har publisert ei utgreiing om aktsemdsvurderingar på sim.as, med tiltak og vurderingar for å sikre rettferdige arbeidsforhold og menneskerettar. Arbeidet omfattar kartleggjing og vurdering av risiko knytt til menneskerettar og arbeidsforhold i verksemda og leverandørkjeda vår.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som følgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa, samt anlegg for handsaming av metangass frå deponiet.

Analyser viser låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatnet. Reinseanlegget har god effekt, særleg for jern, noko som òg bidreg til reduksjon av tungmetall og organiske miljøgifter.

Heile deponiområdet er målt til 102 000 m2 etter delavslutningar i søraust og i nordvest, vart det redusert til 77 500 m2 i 2025. Dette reduserer nedbørsfeltet og vil gje betre reinsing i reinseanlegget for sigevatn.

Sigevatnet etter reins syner ein nedadgåande trend for dei viktigaste parameterne øve fleire år. Totalnitrogen er redusert med omlag halvparten som for ti år sidan.

Framtida

Det kjem stadig nye krav til utsortering og meir miljørett handsaming av avfall. I 2025 vart det tydelegare at kommunane, og dermed SIM, har konkrete plikter knytte til auka materialgjenvinning dei komande åra.

Styret legg til grunn at måla krev både gode systemløysingar og aktiv medverknad frå abonnentane. Det vil difor vere behov for vidare utvikling av ordningane, mellom anna innan hytterenovasjon og gebyrstruktur.

Styret meiner SIM er godt rusta til å møte dei nye krava, og vil halde fram med å utvikle tenester der miljøomsyn, kvalitet og kostnadseffektiv drift vert vurdert samla.

Vidare drift

Årsrekneskapen for 2025 er avlagt under føresetnad om framleis drift. Styret meiner at årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter, gjeld, finansielle stilling og resultat. Føresetnaden for framleis drift er til stades.

Stord, 20. mars 2026

Solveig Grønsdal

Styreleiar

John Kristian Økland

Nestleiar

Anne Merete Fjeldstad

Styremedlem

Lasse Hamre

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Christer Agasøster

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Kurt Harry H. Dahl

Tilsette sin representant

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

I 2025 auka den totale avfallsmengda betydeleg samanlikna med 2024. Auken skuldast særleg meir næringsavfall til deponi. Mengda hytteavfall gjekk noko ned frå 2024 til 2025, men ligg framleis over nivået i 2023. Besøket på miljøsentralane auka vidare i 2025. Hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein svak auke og viser ein stabil utvikling dei siste tre åra. Innsamla næringsavfall gjekk vidare ned i 2025.Mengda næringsavfall til deponi auka kraftig i 2025 og er no vesentleg høgare enn både 2023 og 2024.

Klager frå kundar heldt seg på eit lågt nivå.

ikon-avfallsmengde 70414 tonn

Totale avfallsmengder i 2025.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 70 414 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallemballasje) hadde ein auke på 0,7 % frå 2024 til 2025. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein auke på 5 %.

Kvar innbyggjar leverte 469 kg avfall i 2025. Totalt tok SIM hand om 29 375 tonn frå hushalda. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 14 602 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane auka svakt med 0,7 % frå 2024 til 2025. Innsamla mengde i 2025 var 14 602 tonn, medan SIM totalt mottok 29 375 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland.

95,85 % av det innsamla avfallet vart sendt til attvinning, fordelt på 37,52 % materialattvinning og resten til energiutnytting. Attvinningsprosenten har auka betydeleg sidan 2003, då SIM starta med å senda avfall til attvinning. Den gongen var attvinningsprosenten 48 %.

Hushaldsavfall til gjenvinning

Til saman: 28 157 tonn (Heimekompostering er ikkje inkl. i rapporterte mengder)

Hytterenovasjon

SIM har starta utrulling av meir sortering for hytter og fekk i 2025 full sortering på dei absolutt største returpunkta i kvar kommune. Desse returpunkta ligg strategisk plassert sentralt eller utanfor Miljøsentral og er ope heile døgnet. SIM kan dermed fylgja opp sortering, kalibrere utstyr etter behov, samt god moglegheit til å fylgja opp feilsortering og misbruk. SIM hatt konkurranse og skrive avtale om nye renovasjonsbilar med kran tilpassa bunntømt utstyr og nedgravde løysing ein framtidstretta innsamlingsmetode med tanke på meir sortering på mindre areal.

Statsforvaltaren hadde i desember tilsyn med utgangspunkt i Avfallsforskrifta 10a i Stord Kommune. Denne den del av forskrifta set krav til meir sortering. Kommunen/SIM fekk avvik på sorteringstilbodet på ein del av returpunkta ein har ute. SIM har alternative ordningar som tilsynet ikkje hadde teke med, så det vert ettersendt info og me jobbar vidare målretta for å legga til rette for betre sortering på alle områder.

Deponi

I 2025 vart det levert 32 416 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på om lag 37 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder avfall frå næringslivet.

Det er lite avvik i leveransane til deponi. Det gjer og at det ikkje vert samla opp deponigass, gassen som vert faklar i dag stammar frå avfallet levert fram til deponiforbodet i 2009. Det er i hovudsak treverket som lagar metangass, nedbrytinga til treverket brukar lang tid, men det er merkbar nedgang i metangassen.

Mengder til deponi

Mengder levert til deponi 32 416 tonn

Slamtømming

I året 2025 henta SIM i hovudsak slam frå heilårsbustadar i Bømlo og Sveio Kommune. I tillegg henta avslutta ein tømmerunden for hus/hytter og hadde eiga ferge med båttømming i Austevoll. Kommunar og VA selskap får stadig fleire eigedommar inn på offentleg avlaup og mengder henta frå kommunale anlegg er aukande. I regionen er det stor aktivitet særleg i verftsindustrien. I Stord kommune åleine hadde ein så mange arbeidarar i brakkerigg, at ein nærast hadde ein “ekstra kommune” på tømmelista. Totalt vart det registrert 5502 slamtømingar med ca. 33000 kubikk. Av desse var 141 tømmingar og heile 11000 kubikk frå større kommunale tankar.

Hushaldsavfall

Innsamling av hushaldsavfall fungerere svært godt i Sunnhordland og ein har effektive og gode ruter. Dagens renovatørar har jobba lenge og er kjent i området. SIM har i 2025 hatt konkurranse på transportoppdraget. Same transportør fekk fornya avtale, noko SIM er særs nøgd med.Tidleg i 2025 gjennomførte SIM ein plukkanalyse av restavfallet frå hushaldsabonnentar i Sunnhordland. Resultatet viste bl.a. at graden av matavfall i restavfall er aukande og meir emballasje kan framleis plukkast ut.. Restavallsdunkane i plukkanalysen inneholdt nærare 40% bio/matavfall. Myndigheitene har stramma inn avfallsforskrifta med stegvis aukande krav til materialattvinning i åra framover. Myndigheitene oppmodar kommunar og IKS skal legga til rette for ei ordning som heiter “betal for det du kastar”, som skal gjera kundar motiverte til og sortera betre. SIM planlegg å merka rest & biodunkar med digital chip for seinare å registrere tømming pr.kunde. Kundar betalar då kun for restavfall dunken når den vert satt ut/tømt. Kan ein stå over ei restavfalltømming vert det mindre å betale. Ordninga har vist gode resultat der det er innført. Miljødirektoratet har i veiledar til avfallsforskrifta anbefalt kommunar til å nytta prismodellar som oppmodar til betre sortering.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

30 velforeiningar søkte om å rydde i nærmiljøet i 2025. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Ryddeaksjonar

-->

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM har i mange år støtta lag og organisasjonar som ynskjer å rydda strender som ingen andre har ryddeansvar for. SIM bidrog til at 34 slike aksjonar resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. Det er ein auke på 12 stk frå 2024. Det er sett av 300 000 kroner årleg for å støtta slike aksjonar. I 2025 vart det utbetalt 42 750 kr til strandrydding.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Ryddestøtte til næringsaktørar

I 2023 starta SIM ei 2-årig prøveordning for næringslivet i Sunnhordland. Ordninga gjekk ut på at ein kan søkje støtte til levering av marint avfall. Den totale potten for støtte som ein kan søkje av er avgrensa til 100 000,- pr. år, fordelt på søkjarane, dersom det er fleire.

Det kom ikkje inn søknadar om slik støtte i 2025. Det er berre verksemder som har rydding av marint avfall som hovudaktivitet, som kan søkje og ordninga er avgrensa til avfall som er rydda i eigarkommunane til SIM.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2025.

I 2023 var det lansert ei ny side for våre abonnentar “Mitt SIM”: Ei digital løysing der abonnentane kan logge seg inn på si eiga side for og få informasjon om sitt abonnement. I tillegg kan dei enkelt endre/bestille tenester frå SIM. Sida er under stadig utvikling og i 2024 vart arbeidet med ei side for næringslivet starta opp.Fyrste testkommune, Bømlo var med og testa sida i 2025. I løpet av 2026 vil den bli lansert for alle næringskundar.

Det vil stadig vera behov for å utvikle tenestene mot innbyggjarane og abonnentane. Framover vil nokre digitale tenester får meir og meir fokus. SIM vil vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2025 var det 25 fjerdeklassar med lærarar på besøk hjå SIM. SIM har utvikla eit eige undervisningsopplegg for denne aldersgruppa, der kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling er tema. SIM betalar reisa for skuleklassane og dette plar vera eit svært populært tilbod.

Ein starta og planlegginga av eit tilbod til ungdomstrinnet. Dette satsar ein på og få testa ut i 2026.

SIM sitt miljøfond

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2025 er om lag 36,1 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2025 fekk 44 søkjarar innvilga støtte frå fondet, og det vart tildelt 6 209 556 kroner.

Andre tilskotsordningar

0 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til basarar og loppemarknadar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2024

I 2025 var det 89 047 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 16 240 tonn avfall, og 50 % av hushaldsavfallet kom inn via miljøsentralane.

Selskapet har eit godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall. Mengda farleg avfall frå hushald auka til 1 515 tonn i 2025. Strengare krav til handtering av farleg avfall fører framleis til auka kostnader. SIM held fram med ryddetiltak som bidreg til opprydding av slikt avfall i naturen.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

89047

Tal på kundar i 2025

Vitjingar i 2025

SIM sine miljøsentralar hadde ei auke i besøkstalet på 3,8 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein auke på 7 % frå 2024. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 3,8 %

fleire vitjingar i 2025.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2025 var 89 047 personar

Mengder hushaldsavfall

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2025 var 14 605 tonn

Farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 24,19 kg farleg avfall i 2025

Kompostanlegg

 

Komposteringsanlegget tok imot 2 992 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 1324 tonn frå næringskundar og andre kommunar. I tillegg tok ein i mot 1756 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 1942 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 300 tonn reint trevirke og 2897 tonn hageavfall frå hushald og næring. I 2025 tok anlegget i tillegg imot 206 tonn hestemøkk. Dette vert nytta for å styrke kvaliteten på kompostproduktet.

Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2025 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.69 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 11 417 tonn i komposteringsanlegget i 2025.

 

 

 

Mengder til kompostering

11 417 tonn i 2025

Selde mengder kompost

Totalt 7 751 tonn i 2025

Gjennvinning

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. 2025 vart 95,85 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

37,52 % av avfallet vart sendt til materialgjenvinning.

Heimekompostering

I 2025 komposterte 9 % av abonnentane bioavfallet sitt heime. Totalt er det 2 303 registrerte bingar, i tillegg til 325 kundar som deler binge med andre.

Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Basert på tal frå Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) – eit gjennomsnitt på 73,4 kilo bioavfall per innbyggjar og 2,13 personar per binge – vart det heimekompostert om lag 411 tonn avfall i 2025.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2025

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement hushald i 2025

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2025

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2025

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 3 130 kroner i 2024

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal dekkje dei totale kostnadane kommunen har ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning, utan forteneste. Berre kostnader og inntekter knytt til lovpålagt avfallshandtering skal inngå i berekninga av gebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtømming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvkosttenester. I tillegg til kostnadene SIM belastar sjølvkostområda, har kommunane eigne utgifter knytt til desse tenestene.

På oppdrag frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtømming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2024 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 86 417 122 kr 11 146 678
Kostnader kr -89 928 784 kr -11 909 789
Årsresultat kr -3 511 662 kr -760 111
Fond ib 01.01.23 kr 16 123 961 kr 2 256 057
Fond ub 31.12.23 kr 13 345 130 kr 1 598 482

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per. kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,44 1 260 018 17,63 284 980
Bømlo 19,04 2 541 497 23,00 367 609
Fitjar 5,32 710 076 5,06 80 846
Kvinnherad 21,79 2 908 400 21,94 350 727
Stord 37,21 3 631 683 4,22 67 411
Sveio 10,42 1 390 436 16,02 256 090
Tysnes 6,77 903 020 11,94 190 819
Totalt 100 13 345 130 100 1 598 482

SIM sin praksis for 2024

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, ‘forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Konklusjon

Vi har revidert årsrekneskapen til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS.

Årsrekneskapen består av:

  • Balanse per 31. desember 2024
  • Resultatrekneskap for 2024
  • Kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per 31. desember 2024
  • Notar til årsrekneskapen, irekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining:

  • Oppfyller årsrekneskapen gjeldande lovkrav, og
  • Gjev årsrekneskapen eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga i selskapet per 31. desember 2024, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret avslutta i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet, i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg og International Code of Ethics for Professional Accountants (medrekna dei internasjonale standardane om habilitet), utgjeve av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglane), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Annan informasjon

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarlege for annan informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga.Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje annan informasjon. I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese annan informasjon identifisert ovanfor for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom denne og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentleg feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga

  • er konsistent med årsrekneskapen og
  • inneheld dei opplysningar som skal givast i tråd med gjeldande lovkrav.
    • Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

      Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er óg ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil.

      Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betyding for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen, så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den, enkeltvis eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.

For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Stord, 26. mars 2025

BDO AS

Solveig Bø Dalstø

statsautorisert revisor

(elektronisk signert)

Revisor melding i pdf format